Bli med på solidaritetsaksjon på skulen!

Solidaritetsaksjonen på Fogn skule er eit positivt tilbod på alle vis!

  • Det vert samla inn pengar til eit godt formål

  • Elevane får ein “annleis skuledag” med nye oppgåver

  • Folk på Fogn får moglegheit til ein særs sosial lunsj, med tilhøyrande handlerunde og aktivitetstilbod, på ein heil vanleg kvardag :)

Sjå informasjon frå skulen under:

Sy med oss / Tavarepå

“Symaskin i kyrkja” har vore eit populært tilbod etter at det starta som ei “prøveordning” for ei tid tilbake. No er det bestemt at dei held fram under nytt namn!

‘Ta vare på ‘ er eit viktig begrep i tida. -Ta vare på kvarandre, ta vare på miljøet, ta vare på det me har, få ting til å vara lenger.
Derfor held me fram med prosjektet vårt i kyrkjekjellaren.
Du kan ta vare på mykje dersom du har èin symaskin.

-Har du klær eller andre ting som treng nytt liv eller litt oppstasing?
-Det som er ødelagt fikse me.
-Det hender og at me har liggjande ting me har begynt på og som aldri blei ferdige, -kanskje tida er kommen for å ta det fram igjen?
-Dersom du vil ha hjelp til litt kreative løysingar,- så tenkjer me saman og får til det og.

Det er alltid kjekkare og meir inspirerande å gjera ting saman. 

— Me treffest i kyrkjekjellaren annankvar torsdag mellom kl.18.00 og 20.00. Me tar oss alltid tid til èin kaffikopp og litt drøs.

Velkommen.

Arr. Helselaget, husflidslaget og kyrkja

Ruteendringar for hurtigbåtane frå og med 13. oktober

Kolumbus melder om at det vert fleire endringar i hurtigbåtrutene, som trer i kraft frå og med måndag 13. oktober. I skrivande stund ligg det ikkje oppdaterte ruter på Kolumbus sine nettsider, men desse er truleg retta når nye ruter trer i kraft. Det kan nemnast at Reiseplanleggaren er oppdatert. Elles er endringane lista opp under: