Kulturkveld i kyrkja på tysdag

Fogn kyrkje vil informere om ein kulturkveld, som skal vere på tysdag 14. oktober kl. 19.30:

Finn Folke Thorp har bakgrunn som forfatter av TV-drama og underholdning og har i flere år hatt ansvar for kommunikasjon for kirken i Oslo. Sigurd Engesnes er utdannet dirigent og pianist fra Norges Musikkhøgskole, og dirigerer flere kor, blant dem Sangselskabet Guldbergs akademiske kor. De siste årene har de to samarbeidet om å lage nye salmer og viser for vår tid.

Hugs påmeldingsfrist for haustens vandremiddag!

Ein av “flokkane” som var samla før eit måltid på vandremiddagen 2024

Denne saka har blitt publisert før, men blir no republisert for å minna om at siste dag det er moglet å melda seg på årets vandremiddag, er tysdag 14. oktober!

For tredje året på rad blir det arrangert Vandremiddag på Fogn, denne gongen laurdag 18. oktober frå klokka 18.45!

Dei som har delteke på konseptet tidlegare har gitt særs gode tilbakemeldingar, så opplegget blir veldig “i same gata” som før. Den einaste endringa er at Oddbjørg og Ole opnar Naustet ved kaien etter vandremiddagen, for dei som vil samlast der og drøsa om kor kjekt dei har hatt det (dette har vore eit etterspurt tilbod, for så kjekt har faktisk folk hatt det tidlegare, at dei har kjent på behov for å snakka om det :) )

Les meir om kva Vandremiddagen handlar om, på plakaten under, og meld dykk på ved å klikka på denne linken og fylla ut skjemaet! NB! Siste påmeldingsfrist er tysdag 14. oktober.

Takka av med krabbe og 3 poeng!

Fogn sitt A-lag hadde ein vanskeleg vårsesong, men har fått meir sving på spelet i haust, og står no med 10 poeng, etter at MIL 2 blei slått 3-0 på heimebane laurdag 4. oktober!

Det er liten tvil om at signeringa av Josef Bø har hatt stor positiv innvirkning på både spel og resultat, men det er også ein annan trio som har “levert varene” i haust! Det er snakk om Yuttana Boonkam, Sakkarin Tangsuk og Ratchakit PhaSom, best kjent som Up, At og Ai! Spelerane, som kjem frå Thailand, har vore på Fogn og jobba i ein periode, men no går opphaldet mot slutten, og laurdag spelte dei sin siste kamp for denne gong.

Alle tre gjorde ein solid innsats kampen gjennom, og kunne juble etter skåringar av Josef Bø, Ivar Opsal og Håvard Østhus i det rufsete haustvèret!

Før kampen hadde keeper Trond Egil Sivertsen bedt dommaren om å fylgje med på kven som var Fogn sin beste spelar, for denne ville få ein kasse med krabbe etter kampslutt. Etter sigeren peika dommaren på Kristian Jacobsen, som gjorde come-back etter langtidsskade, som Fogns bestemann, og krabben vart difor gitt til Kristian. Men Kristian meinte at det heller var gutane frå Thailand som fortente krabbe etter god innsats den siste tida, og gav den difor raust vidare!

Neste kamp for Fogn er søndag 12. oktober kl. 14.45 mot STIL-UIS, laget som ligg like foran Fogn på tabellen, så her er det duka for ein ny spanande kamp!


Helselaget inviterer til festkveld og foredrag

Festkveld med middag og foredrag onsdag 22.oktober kl 1800 på Oppvekstsenteret.
Hausten er tida for demensaksjonen i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Me gjentek suksessen ifrå i fjor, og køyrer på med same opplegg.

I år er det ernæringsterapeut Mette Lund Larsen frå Talgje som skal snakka om korleis kosthaldet vårt kan påverka den kognitive helsa. Alzheimer og kosthold, hva kan vi selv gjøre? Mette driv Ernæringsklinikken og har over 25 års erfaring innan «Mat som medisin.»

Det blir servering av middag med dessert og kaffi.

Påmelding til Oddbjørg på sms 94 12 92 33 innan fredag 17.oktober.

Prisen er 350 kroner per pers. Me veit det er litt høgt, men alt som kjem inn går uavkorta til demensaksjonen. I år går innsamla midlar frå aksjonen til forsking på barnedemens.

Velkommen!

Styret i Helselaget

Populære toppturar i år igjen!

4- og 7-toppstur på Fogn vart arrangert for 14. gong, søndag 28. september. Heile 110 personar var ute og gjekk, der 72 valgte den korte løypa, og 38 gjekk over alle 7 toppane. Turgeneral Helge Magnar Iversen fortel at det var folk frå både Satavanger, Sandnes, Jørpeland og Finnøy, men flesteparten var frå Fogn.

På fleire av toppane var det overraskingar (tomater, mellombar, Kvikklunsj), og dei som deltok var også med i trekkinga av eit gåvekort på 500 kr frå Kiwi Finnøy. Vinnar av gåvekortet vart Anna Halsne Sand.

Under er nokre glimt frå ein flott turdag på Fogn: