Historie og formål

Fogn grendalag vart stifta 24. november 2009. I målsettinga til grendalaget står det:

 "Fogn grendalag skal arbeide for ei positiv utvikling i forhold til kulturelle aktivitetar, næringsutvikling og auka busetting på Fogn. Målet er å bidra til auka "bulyst" på øya for dagens innbyggjarar, dei som bur i fritidsbustadar, og potensielle framtidige innbyggjarar på Fogn."

Grendalaget har ein visjon som enkelt og greit seier: 400+. Tanken er at Fogn grendalag skal gjere sitt for at innbyggjartalet på Fogn stig til over 400 personar. 

Under ligg det eit videoklipp og nokre bilete frå stiftingsmøtet i 2009.