Kjapp rapport frå turen til Skinnvika

Søndag 29. mai var arrangerte Fogn IL, Speidaren og Helselaget søndagstur til den flotte Skinnvika! Folk kom seg til Skinnvika ved hjelp av både bil, sykkel, båt og til fots, slik at det etterkvart vart ein god gjeng som var samla under det spredte skydekket. Dei tøffaste (altså borna) våga seg også uti vatnet, som ifølge usikre kjelder "ikkje var såååå kaldt". 

Bål vart tent, pølser og marshmallows grilla, og praten gjekk lenge og vel, slik at alle var einige om at det nok ein gong hadde vore ein kjekk søndagstur!

Under er nokre få bilete frå turen:

A-lagskamp før laurdagsgrauten!

Laurdag 4. juni klokka 11.30 (merk tidspunktet) får Fogn IL sitt A-lag besøk av tabellnabo Sviland til eit tett oppgjer i 7. divisjon. Som de ser er graset grønt, himmelen blå, og forholda fine for fotball på Fogn for tida, så her er det berre å møte opp!

A-laget har berre spelt ein heimekamp i år. Då endte det 2-2 mot Kvitsøy, etter at gjestene utlikna på straffe i kampens siste minutt. Deretter har Fogn spelt tre bortekampar mot topplaga Lura 2 og Voll 2, i tillegg til ein kamp mot Hognestad. Desse kampane har totalt gitt 3 poeng, etter at Hognestad vart slått 3-0 på den forblåste heimebanen sin. Kampen mot Voll 2 vart tapt med 2-0, medan resultatet i Lurakampen ikkje eignar seg på trykk...

Men no er det altså tid for heimekamp igjen, og denne gongen startar altså kampen såpass tidleg at ein kan rekka å få med seg denne før laurdagsgrauten skal svelgjast unna! Under kampen kjem det til å vere open kiosk, med sal av mellom anna kald brus frå den siste nyvinninga i kiosken; eit kjøleskåp...

Velkommen på kamp i godvèret!

Felles søndagstur til Skinnvikå

Søndag 29. mai er siste søndagen i mai, og då er det igjen tid for Fogn IL, Speidaren og Helselaget sin månadlege fellestur. Denne gongen går turen til Skinnvikå klokka 14.00. Det er høve til å parkera ved drivhuset til Mari-Anne og Jon Olav Runestad. 

Ta med deg det du synes passer til ein strandtur i slutten av mai. Det vert tent opp eit bål med moglegheit for grilling.

Elles kan det nemnast at det ryktest om eindel tang og tare på stranda i Skinnvika akkurat no. Det er lov å ha med ei rive og bidra til å gjere stranda enno finare.

Arr: Fogn IL, Speidaren og Helselaget

Heilt topp folkehelsedag!

Tysdag 24. juni var det fagdag om folkehelse på Fogn oppvekstsenter. Her var det fokus på ulike ting som er bra for oss som menneske, og tema som kosthold, nettvett, vennskap og fysisk aktivitet var i fokus. Folkehelsekoordinator Oddny Kjølvik, helsesøster Margretha Kjølvik Berge, frivilligkoordinator Ragnhild Valand og trusopplærar Heidi Bø Sangedal bidrog på ulike vis denne dagen. Elevane kutta grønnsaker og laks som dei hadde på grillen i kvar sin lille pakke laga av aluminiumsfolie, og maten vart sjølvsagt spist utandørs i det flotte vèret! Barnehagen var invitert med på lunsjen, og det såg ut til at også dei yngre borna sette pris på den gode maten!

Mot slutten av dagen gjekk alle elevane til Peråsen, der Margretha venta med is til alle saman. For det er lov å kosa seg litt og... På vegen opp mot Peråsen var det tre stasjonar der elevane måtte gjere nokre styrkeøvingar. Elevane fullførte "med glans", og det virka som om alle hadde det heilt topp på denne flotte folkehelsedagen! 

Hallelujamøte!

Etterkvart som møtet skreid fram, vart det hevda at dei omlag 85 personane som hadde funne vegen til Fogn oppvekstsenter denne måndagskvelden, hadde hamna på eit "Hallelujamøte". Dei fleste hadde nok likevel møtt opp for å få informasjon, og stille spørsmål om dei ulike alternativa knytta til folkerøystinga om ny kommunereform, onsdag 8. juni. Bør Finnøy stå åleine, eller er det eit betre alternativ å slå seg saman med ein eller fleire av nabokommunane? Og kva er moglege konsekvensar av ei samanslåing? Det var dette rådmann Helene Ohm greia ut om i den første delen av møtet, og ho fekk velfortent applaus frå både Fognbu og andre tilreisande for ei ryddig og klar framlegging av saka. Ei av sidene i PowerPoint-presentasjonen hennar, som syner moglege konsekvensar knytta til dei ulike alternativa, kan de sjå under.

Deretter var det tid for paneldebatt, der dei fem gruppeleiarane for dei politiske partia som er representerte i kommunestyret, deltok. I tillegg var Grethe Kolbjørnsen og Bernhard Sunde utfordra til å sittje i panelet som representantar frå Fogn. 

Alle i panelet fekk byrje med å seie kva for eit alternativ dei ville gå for. Her var det slik at alle, berre med unnatak av Odd Bleie frå SP som ville stemme nei til kommunesamanslåing og Grethe Kolbjørnsen som ville stemme ja, men ikkje var sikker på kva for eit alternativ ho ville gå for, fortalte at dei i utgangspunktet ville gå for kommunesamanslåing med Stavanger. Nokon hadde eit lite atterhald om kva som ville verta resultatet i ulike folkerøystingar før den i Finnøy 8. juni, men det var tydeleg at Stavanger virka som mest aktuelt for dei fleste. Når i tillegg fleire av dei som tok ordet i salen tala varmt for nettopp dette alternativet, var det Lars Rørtveit som reiste seg og karakteriserte møtet litt som eit "Hallelujamøte". Hallelujamøte eller ei, det var mange som ville ha ordet denne kvelden. Debattleiar Jon Asgaut Flesjå måtte nokså raskt finne fram stoppeklokka si, og han måtte også nytte denne ved fleire anledningar, då folk vart nokså ivrige!

Heilt til slutt i møtet kom det ei klar oppfordring frå både ordførar og debattleiar om at folk må nytte stemmeretten sin den 8. juni. Det vil gi eit mykje betre grunnlag å arbeida vidare på. Denne oppfordringa sender vi vidare: bruk stemmen!

Under er nokre fleire bilete frå kvelden:

Folkemøte om kommunesamanslåing

Måndag 23. mai klokka 18.00 vert det folkemøte om kommunesamanslåing på Fogn oppvekstsenter. Både rådmann, ordførar og andre politikarar vil delta, i tillegg til at Jon Asgaut Flesjå frå Øyposten leier ein paneldebatt med ulike deltakarar. Programmet vert kort fortalt dette:

  • Ordføraren ynskjer velkomen
  • Rådmannen presenterer dei tre alternativa (Finnøy som i dag, storkommune med Stavanger og Utstein kommune)
  • Paneldebatt leia av Jon Asgaut Flesjå

Det er sett opp ekstrabåt til Fogn denne kvelden. Båten går frå Halsnøy klokka 17.15, Byre klokka 17.25, Bokn klokka 17.30 og Finnøy kl. 17.40. Returen går frå Fogn klokka 20.00.

Dette er ein gylden anledning til å få eit godt grunnlag å avgi si stemme på, då innbyggjarane i Finnøy skal ha folkerøysting om kommunesamanslåing, onsdag 8. juni. Vi håper at mange folk tek turen!

NB! Møtet skal etter planen vara til omlag klokka 20.00. Styrketreninga, som vanlegvis startar klokka 19.30 i gymsalen, vert difor utsett til klokka 20.00 denne dagen.