Hallelujamøte!

Etterkvart som møtet skreid fram, vart det hevda at dei omlag 85 personane som hadde funne vegen til Fogn oppvekstsenter denne måndagskvelden, hadde hamna på eit "Hallelujamøte". Dei fleste hadde nok likevel møtt opp for å få informasjon, og stille spørsmål om dei ulike alternativa knytta til folkerøystinga om ny kommunereform, onsdag 8. juni. Bør Finnøy stå åleine, eller er det eit betre alternativ å slå seg saman med ein eller fleire av nabokommunane? Og kva er moglege konsekvensar av ei samanslåing? Det var dette rådmann Helene Ohm greia ut om i den første delen av møtet, og ho fekk velfortent applaus frå både Fognbu og andre tilreisande for ei ryddig og klar framlegging av saka. Ei av sidene i PowerPoint-presentasjonen hennar, som syner moglege konsekvensar knytta til dei ulike alternativa, kan de sjå under.

Deretter var det tid for paneldebatt, der dei fem gruppeleiarane for dei politiske partia som er representerte i kommunestyret, deltok. I tillegg var Grethe Kolbjørnsen og Bernhard Sunde utfordra til å sittje i panelet som representantar frå Fogn. 

Alle i panelet fekk byrje med å seie kva for eit alternativ dei ville gå for. Her var det slik at alle, berre med unnatak av Odd Bleie frå SP som ville stemme nei til kommunesamanslåing og Grethe Kolbjørnsen som ville stemme ja, men ikkje var sikker på kva for eit alternativ ho ville gå for, fortalte at dei i utgangspunktet ville gå for kommunesamanslåing med Stavanger. Nokon hadde eit lite atterhald om kva som ville verta resultatet i ulike folkerøystingar før den i Finnøy 8. juni, men det var tydeleg at Stavanger virka som mest aktuelt for dei fleste. Når i tillegg fleire av dei som tok ordet i salen tala varmt for nettopp dette alternativet, var det Lars Rørtveit som reiste seg og karakteriserte møtet litt som eit "Hallelujamøte". Hallelujamøte eller ei, det var mange som ville ha ordet denne kvelden. Debattleiar Jon Asgaut Flesjå måtte nokså raskt finne fram stoppeklokka si, og han måtte også nytte denne ved fleire anledningar, då folk vart nokså ivrige!

Heilt til slutt i møtet kom det ei klar oppfordring frå både ordførar og debattleiar om at folk må nytte stemmeretten sin den 8. juni. Det vil gi eit mykje betre grunnlag å arbeida vidare på. Denne oppfordringa sender vi vidare: bruk stemmen!

Under er nokre fleire bilete frå kvelden:

Folkemøte om kommunesamanslåing

Måndag 23. mai klokka 18.00 vert det folkemøte om kommunesamanslåing på Fogn oppvekstsenter. Både rådmann, ordførar og andre politikarar vil delta, i tillegg til at Jon Asgaut Flesjå frå Øyposten leier ein paneldebatt med ulike deltakarar. Programmet vert kort fortalt dette:

  • Ordføraren ynskjer velkomen
  • Rådmannen presenterer dei tre alternativa (Finnøy som i dag, storkommune med Stavanger og Utstein kommune)
  • Paneldebatt leia av Jon Asgaut Flesjå

Det er sett opp ekstrabåt til Fogn denne kvelden. Båten går frå Halsnøy klokka 17.15, Byre klokka 17.25, Bokn klokka 17.30 og Finnøy kl. 17.40. Returen går frå Fogn klokka 20.00.

Dette er ein gylden anledning til å få eit godt grunnlag å avgi si stemme på, då innbyggjarane i Finnøy skal ha folkerøysting om kommunesamanslåing, onsdag 8. juni. Vi håper at mange folk tek turen!

NB! Møtet skal etter planen vara til omlag klokka 20.00. Styrketreninga, som vanlegvis startar klokka 19.30 i gymsalen, vert difor utsett til klokka 20.00 denne dagen.

Bilete og videoar frå 17. maifeiringa på Fogn!

17. mai vart feira på tradisjonelt vis på Fogn, også i 2016! Her var både 17. maitog og kyrkjebesøk, og gamle "slagerar" som t.d. pilkast og lykkehjul, men òg nokre "nyvinningar" som sauebingo og gravemaskinkonkurranse! 

Om kvelden var det folkefest med tale av Harald Bøe, og pianoframføring av Kaia Sunde. Komiteen hadde også laga til god underhaldning, pakka inn i rammene frå NRK sitt opplegg "Sommarbåten", som i år hadde teke turen innom Fogn.

Bilete frå dagen finn de i serien under. Det er Silje Nordvik Akselberg, Karianne Østhus og Øyvind Runestad som er fotografar. 

Filmane som vart viste på kvelden ligg heilt nedst i denne saka.

Påmeldinga til Tour de Fogn 2016 er no open!

Helga 24.-26. juni 2016, er det igjen klart for tredagarsrittet Tour de Fogn! Dette er den sjette "touren" i rekka, og deltakarane kan som vanleg sjå fram til prolog på fredagen, to rundar rundt øya på laurdagen, og ein klatreetappe på søndagen. Meir detaljert informasjon om etappane kjem etterkvart, for leiinga i Fogn IL vurderer ei endring av den siste, og avsluttande etappen. Som sagt, meir informasjon kjem når det nærmar seg.

Påmeldinga til Tour de Fogn er no open, og alle som vil vera med, kan melda seg på i skjemaet under. Som vanleg er det viktig å understreka at Tour de Fogn er for alle (frå 16 år og oppover) som kan sykla, anten dei trener mykje, lite, eller ingenting! 

Nytt båtførarkurs på Fogn, laurdag 18. juni!

Tidlegare i vår var det eit båtførarkurs på Fogn, i regi av Jarleiv Bjørklund. Kurset vart fullteikna, og alle som deltok besto eksamen, slik at vi no har ein heil del fleire "sertifiserte" båtførarar på Fogn! Fleire har kome med ynskje om eit nytt kurs, og no har Jarleiv datoen klar: Laurdag 18. juni!

Vil du vere med på kurset, melder du deg på til Jarleiv via sms på 480 06 479. Under er meir informasjon om kurset:

------------------------------------------

I og med at vi bur på ei øy med vatn på alle kantar, er det kjekt å kunne ferdast i båt på sjøen. Utan båtførarbevis kan ein i dag berre føre ein mindre båt med liten motor. Er båten over 8 meter, eller motoren over 25 hk, må ein ha båtførarbevis , så lenge ein er født etter 1. januar 1980. Difor er det blitt meir og meir vanleg med båtførarkurs, der ein får intensiv opplæring, med påfylgjande eksamen. 

Jarleiv Bjørklund er overstyrmann, og sertifisert til å ha slike kurs. Han kjem til Fogn ein laurdag 18. juni for å gjennomføra 6 timars intensiv opplæring, der den siste timen går med til eksamen. Kurset kostar 1500,- og i tillegg kjem det ei eksamensavgift på 685,- 

På kurset får du mellom anna læra om:

  • Navigering
  • Godt sjømannskap
  • Signaler for sikker navigering
  • Ord og uttrykk brukt på sjøen
  • Sjøens lovar og regler
  • Grunnleggande navigasjon
  • Sjøkart
  • Kompass
  • Sjømerker
  • Fyr og lykter
  • Bruk av instrumenter og seilas i kartet

Kurset vert gjennomført i eit klasserom på oppvekstsenteret, og ein tek altså eksamen direkte etter kurset. Jarleiv melder også om at kurset har ein "bestått garanti".

 

Felles jente- og guttelagsavslutning!

Måndag 2. mai var det klart for felles avslutning for jente- og guttelaget på Fogn. Desse laga er eit tilbod for jenter og gutar frå 2. klasse og oppover, men i og med at måndag var siste samling før hausten, vart også 1. klassingane invitert til å vere med! Omlag 30 born møtte opp på bedehuset, der dei fekk med seg andakt av Jon Olav Østhus, før jentelagsleiarane stilte med pølser, saft og brownies. Deretter var det tid for ulike leiker i hovudsalen, før vi til slutt fekk knipsa eit bilete av den flotte buketten som var samla!

Sjølv om jente- og guttelaget no har teke ferie, så gjenstår det framleis eit arrangement i deira regi før sommaren, nemleg den årlege friluftsbasaren arrangert av guttelaget. Denne basaren var eigentleg sett opp fredag 3. juni, men er no flytta ei veke nærmare sommaren, til fredag 10. juni klokka 18.00.

Tekst og foto: Håvard Østhus