Det skjer på Fogn i påska!

Vi er godt inne i påskeferien, og det er alt fleire arrangement og aktivitetar som har gått av stabelen på Fogn! Dei neste dagane skjer dette:

Skjærtorsdag kl. 11.00
Nattverdmøte på bedehuset. Song, andakt, vitnesbyrd og nattverd. Arr: Fogn bedehusforening.

Skjærtorsdag kl. 14.00
Eggkoking i Domfjelldalen. Parkering ved Erås Museum, eller gå frå der du vil, så møtes me ved bekken. Ta med eigen mat. Det blir quiz og frukt. Arr: Fogn Helselag, Speidaren og Fogn IL.

Langfredag kl. 10.30
Pasjonsgudsteneste v/ Anders Kvalevåg. Song ved June Joanna Hovda.

Påskeafta kl. 09.00-15.00
Påskebasar ved butikken. Loddsal skjer ved butikken frå klokka 09.00. Det vert servering av lappar, kake, saft og kaffi. Trekningen startar kl. 14.00. Arr: Fogn IL

1. Påskedag kl. 11.00
Høgtidsmøte på bedehuset. Håkon Helgøy talar. Kollekt til NLM. Arr: Fogn misjonslag (NLM)

1. Påskedag kl. 18.30
Familiegudsteneste v/ Terje Engstrøm. Song ved TøfFOGNådig og Fognakoret. Dåp. Nattverd. Takkoffer til Åpne Dører.

Dugnad på nærmiljøanlegget på laurdag

Som dei fleste nok har fått med seg, så er eit nytt nærmiljøanlegg i ferd med å reisa seg ved Fogn oppvekstsenter. Det er Fogn IL som finansierer anlegget gjennom eigenfinansiering og midlar dei har søkt om, og mykje av arbeidet med oppsett av dei ulike apparata vert gjort på dugnad. Det siste som skal skje, før anlegget er ferdig, er at eit firma kjem og støyper falldekket som skal vere under apparata. Det er difor særs viktig at apparata ikkje vert brukt før dette dekket kjem på plass. 

Laurdag 19. mars frå klokka 10.00-14.00 vert det arrangert dugnad på anlegget. Det er ulike oppgåver som skal gjerast denne dagen:

- Oppmåling og plassering av seks "Rampballs" (leikeapparat)
- Kosting av asfalt rundt området, og spyling av apparater/asfaltkant.
- Finskjæring av asfaltkant
- Planering med grus/singel, slik at det er klart for støyp av falldekke like over påske.
- Oppsett av sponplater i ballhuset og flytting av utstyr bort til ballhuset.
- Evt. raking og luking av overgangen mellom grus og fotballbane

Det er flott om folk tar med seg eit eller fleire av desse reiskapene: jernrive, krafse, spade.

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på dugnad, anten dei kan vere med i ein, eller fleire timar. Det vert servert kaffi og sjokolade.

Stem på årets vinterbilete!

Grendalaget utlyste tidlegare i år ein konkurranse for å kåra årets vinterbilete frå Fogn. Vinnarbilete ville bli gjort kjent på årsmøtet i grendalaget, og premien er ein kopi av vinnarbiletet, forstørra på ei aluminiumsplate. 

Mange bidrag kom inn, og grendalaget har hatt ein stor jobb med å plukka ut seks kandidatar som skulle gå vidare til "finalen". Dei seks bileta som det no står mellom, er presenterte nedanfor. Under biletet står det eit nummer, i tillegg til informasjon om kven som er fotograf. Nedst i saka kan du stemme på det biletet du vil at skal stikka av med tittelen "Årets vinterbilete på Fogn". Ein kan kun stemma ein gong per mobil/datamaskin/nettbrett, og frist for å avgi stemme er måndag 21. mars.

Bilete nr. 1: Knipsa av Anita Camilla Kvamsøe

Bilete nr. 1: Knipsa av Anita Camilla Kvamsøe

Bilete nr. 2: Knipsa av Erlend Harestad

Bilete nr. 2: Knipsa av Erlend Harestad

Bilete nr, 3: Knipsa av Morten Sangedal

Bilete nr, 3: Knipsa av Morten Sangedal

Bilete nr. 4: Knipsa av Else Karin Vådeland

Bilete nr. 4: Knipsa av Else Karin Vådeland

Bilete nr. 5: Knipsa av Ida Sunde

Bilete nr. 5: Knipsa av Ida Sunde

Bilete nr. 6: Knipsa av Heidi Bø Sangedal

Bilete nr. 6: Knipsa av Heidi Bø Sangedal

Lag din egen spørreundersøkelse for tilbakemelding fra bruker


Ei takk frå Hovda

Torsdag 3. mars døydde Johannes Hovda, som mellom anna har vore rektor ved skulen på Fogn i mange år. Johannes vart gravlagt fredag 11. mars, og familien vil gjerne koma med ei takk i dette høvet:

"Me vil gjerne få takka hjarteleg alle dykk som så velvillig stilte opp, og hjalp med alle praktiske og tekniske detaljer i høve gravferda til vår kjære Johannes Hovda.

Varm helsing frå Solveig med familie"