Sikra minst 2. plass!

Jubel etter siger i årets siste heimekamp! (Foto: Julie Bø)

Jubel etter siger i årets siste heimekamp! (Foto: Julie Bø)

Fogn - Stavanger Titan: 3-1 (1-0). Etter å ha slått Stavanger Titan i årets siste heimekamp, sikra Fogn seg minst 2. plass i serien. No er dei mørkeblå avhengige av litt hjelp frå naborival Finnøy dersom dei skal kunna gå forbi serieleiar Sunde 2 og vinna 7. divisjon avd. 3!

Då størsteparten av spelarane frå Stavanger Titan ikkje rakk ferja søndag ettermiddag, fekk Fogn god tid til oppvarming. Det fekk ikkje Titanspelarane, då dei kom med ferja kl. 15.50, og kampstart var sett til 15.45. Dommaren venta rett nok til bortelaget var 11 mann, før han sette i gong kampen. 

I første del av omgangen, kunne ein lett sjå kva for eit lag som hadde varma opp, og kven som ikkje hadde fått gjort det. Fogn hadde overtaket i kampen, og medvinden var nok ikkje ei ulempe den heller. Alt såg eigentleg godt ut, men så måtte plutseleg høgreback Pål Rune Grønås byttast ut med skade før det var spelt 10 minutter av kampen. Trenar Jakob Bø gjorde nokre omrokkeringar på laget, og sette inn heimedebutant Ørjan Måkestad Bø på spissplassen. Dette skulle vise seg å verta eit godt bytte, for etter omlag halvspelt omgang presenterte Ørjan seg på beste vis for dagens heimepublikum! Johannes Hovda vart spelt gjennom på høgrekanten, gjekk til dødlinja og slo høgt inn i feltet. På bakerste stolpe, omlag 5-6 meter frå mål, sto Ørjan som fekk kjempetreff på volley, og smalt ballen i nettaket bak ein sjanselaus bortekeeper, 1-0!

Fogn la seg litt meir bakpå etter dette, og fekk mellom anna eit stangskudd mot seg. Men heimelaget hadde også sine sjansar til å dobla leiinga, så 1-0 til pause var eit resultat som reflekterte kampen på ein god måte.

I andre omgang var det Titan sin tur til å få vinden i ryggen, noko dei viste seg å gjere nytte av. Etter omlag 10 minutters spel gjekk høgrevingen til bortelaget på eit imponerande raid, som endte opp med eit skot i tverrliggaren. Ein titanspelar var først på returen, og sette den utagbart forbi Jon Østhus, som var Fogn sin keeper i 2. omgang, etter at Trond Egil Sivertsen hadde stått i den første, 1-1.

Å seie at skåringa vart ein vekkar for heimelaget er kanskje å trekkje det litt langt, for det var framleis Titan som pressa mest på, sjølv om dei ikkje kom til dei største sjansane. Men det var Fogn som skulle få uttelling i målprotokollen... Etter at ein fogncorner gjekk over heile feltet, plukka Sergejs Kononov opp ballen og slo den inn att frå venstre. Der stanga Ole Jakob Kjølvik ballen hardt i stanga og ut. Returen spratt omtrent ut til straffemerket, der forsvarar Olav Østhus kom i lange kliv og plasserte ballen mellom beina på minst ein Titanforsvarar og i mål, 2-1!

Kort tid etter, kom Sergejs igjen til innlegg, denne gongen frå høgresida. Ballen dalte ned like utanfor 16-meteren, der Johannes Hovda sto og lada kanonen. Dagens andre volley på Fogn stadion, førte til at ballen sneik seg inn nede i venstre hjørne, og heimelaget kunne juble for 3-1!

Gjennom heile omgangen var det bortelaget som førte kampen, og slik vart det ikkje minst då kampen gjekk mot slutten. Heldigvis var keeper Jon trygg og god, og den einaste ballen han måtte sleppa forbi seg, resulterte berre i eit stangskot. Dommaren bles av på stillinga 3-1, og Fogn hadde gjort det som kjenneteiknar gode lag: vunne på ein dårleg dag.

Etter kampen vart sigeren i årets siste heimekamp skikkeleg feira med alkoholfrie bobler og skikkeleg "champis-dusj". Så får vi sjå om Fogn får moglegheiten til å spele ein ekte seriefinale borte mot Sunde 2 om ei veke. I så fall må Finnøy anten vinne eller spele uavgjort på tysdag, då dei møter laget som har leia serien nesten heile sesongen. Så då får vi for ein gongs skuld seie: Heia Finnøy!

Kampfakta

Mål: Ørjan Måkestad Bø, Olav Østhus og Johannes Hovda

Assists: Johannes Hovda, Ole Jakob Kjølvik, Sergejs Kononov

Gult kort: Olav Østhus

Fogn sitt lag:

Trond Egil Sivertsen
Pål Rune Grønås
Ivar Opsal
Olav Østhus
Martin Østhus
Lars Olav Bøe
Johannes Hovda
Jakob Bø
Ole Jakob Kjølvik
Håvard Østhus
Sergejs Kononov

Innbyttarar (alle benytta):

Ørjan Måkestad Bø
Vadim
Tobias Sunde
Ørjan Klev Ladstein

 

Ny topptursuksess!

Søndag 21. september var ein stor andel av innbyggjarane på Fogn ute på tur i det flotte haustvèret. Heile 119 personar deltok nemleg på idrettslagets toppturar, der ein kunne velje mellom 7- og 4-toppstur. 40 personar gjekk over sju toppar, medan 79 personar deltok på den kortare varianten. I tillegg til mange fognbuar, gjekk også tilreisande frå Larvik, Stavanger og Finnøy. 

Også i år var det ei overrasking til deltakarane på kvar topp, sponsa av lokalt og regionalt næringsliv. På den siste toppen, Domfjellet, leverte ein også inn startkortet sitt, og var med i trekninga av eit gåvekort på 500 kroner frå Kiwi. Ein av primus motorane bak toppturane, Helge Iversen, fortel til Fogn.org at trekninga av gåvekortet vart gjennomført av leiar i Fogn IL, Heidi Bø Sangedal, som trakk sit eige namn ut av bunken! 

Helge uttaler også at "Vèret har alt å seie for eit slikt arrangement, og det er svært kjekt å sjå så mange nøgde turgåarar". I den fyldige serien av bilete under kan du også få sjå desse nøgde turgåarane!

Snart drivstoff på Fogn!

(f.v.) Kristoffer Østhus, Ivar Opsal, Øyvind Sandanger og Pål Rune Grønås er fornøyde eiere av drivstoffanlegget på butikken

(f.v.) Kristoffer Østhus, Ivar Opsal, Øyvind Sandanger og Pål Rune Grønås er fornøyde eiere av drivstoffanlegget på butikken

Fogn.org har motteke denne pressemeldinga frå det nystarta aksjeselskapet Fogn Handel:

Fire lokale patrioter har en tid jobbet for å få gang på drivstofftilbudet på øya, og endelig ser det ut som alt er på plass for å starte jobben med å gjenreise drivstoffanlegget på butikken. Finansieringen er nå på plass ved hjelp av støtte fra Merkur-programmet, i tillegg til en behjelpelig bank i Hjelmeland Sparebank.

Fogn Handel, ved styreleder Kristoffer Østhus, har kjøpt anlegget av Arnstein Idsøe og Joker Fogn. Det er i utgangspunktet planlagt å investere i en ny frittstående tank, samt oppgradering av det eksisterende pumpeanlegget. Nøyaktig hvor lenge arbeidet vil ta er per dags dato usikkert, men det satses på at befolkningen igjen kan fylle opp tanken på hjemmebane en gang i løpet av oktober.

«Det at man må reise til Finnøy for å fylle drivstoff, har i lengre tid irritert mange av oss. Vi følte det var på tide at noen ordnet opp i akkurat den saken, 1.5 år uten drivstoff på øya er alt for lenge!!» sier Øyvind Sandanger (forøvrig dagens bursdagsbarn, hipp heisann hurra!!) i en kommentar.

Da er det bare å glede seg til åpningsfest, tidspunkt for denne blir selvfølgelig annonsert her på Fogn.org når det er klart.

Fogn Handel har ei eiga Facebookside. Denne finn du ved å søkja etter "Fogn Handel" på Facebook, eller ved å klikka HER.

Fogn med i verdsrekord!

Vèrdama Eli-Kari Gjengedal sette torsdag kveld verdsrekord i lengst vèrmelding, då ho gav seg etter å ha snakka om vèret i over 33 timar. Ein imponerande prestasjon og ein rekord som fort kan verta ståande i lang tid. Då er det jo ekstra stas at perla i Ryfylke, Fogn, var eit av emna Eli-Kari var innom på vegen mot verdsrekord. Fognajenta Anne-May Sandanger var nemleg ei av dei som sendte inn bilete til TV2, og Eli-Kari fekk dette biletet opp på skjermen og viste det til alle sjåarane. Og ikkje nok med det. Ho kunne fortelje at ho hadde vore mykje på Fogn i barndomen, og ho fortalte litt om dei mange drivhusa som er her på øya. Stas!

Videoklippet det er snakk om kan du sjå ved å klikke HER.

Takk til Anne-May Sandanger som sendte inn biletet til TV2, og på den måten fekk lurt inn Fogn i verdsrekorden. Takk også til Øyvind Sandanger som tipsa Fogn.org om denne saka! 

Gratis bøker!

Fogn.org fekk i dag ein telefon frå Kristoffer og Anne Marie Bøe, som fortalte at dei var i ferd med å flytta frå hus til leiligheit på Fogn. I dette høvet hadde dei ein skikkeleg gjennomgang av boksamlinga si, og har kome fram til at denne nok må verta eindel mindre. Dei bøkene dei ynskjer å kvitta seg med, vil bli plassert i ei eske utanfor Jokerbutikken på Fogn, frå og med torsdag 18. september. Kristoffer fortel at det er snakk om skikkeleg gode bøker, mellom anna fleire biografiar. 

Så her seier vi altså ikkje "løp og kjøp", men "gå og få"!

Fjerde strake bortesiger!

Staal Jørpeland 3 - Fogn IL: 1-2 (1-2). Både Viking 2 og Fogn spelte mot henholdsvis Staal 1 og Staal 3 på Jørpeland mandag kveld. Berre eit av dei blåkledde bortelaga kunne juble for tre poeng etter kampslutt, og heldigvis var det gutane frå tomatøya!

Etter folkevandringa frå Fogn til Jørpeland på laurdag, tok 16 spelarar turen til Ryfylkebyen mandag. Oppgåva var klar, men vanskeleg: Slå Staal Jørpeland 3, som ikkje hadde tapt på heimebane før i år, og som vann sin siste kamp på eige gras med imponerande 6-0 mot serieleiar Sunde 2. 

Fogn kom best i gong i den låge kveldssola på Jørpeland, og heimelaget hadde nok med å forsvare seg dei første 10 minuttene. Staal kom etterkvart meir med i kampen, og hadde mellom anna eit hardt skot i stolpen då Fognkeeper Trond Egil Sivertsen måtte gi retur etter å ha redda eit frispark. Men det var Fogn som først skulle få uttelling i målprotokollen. Høgrekant Ole Jakob Kjølvik vart spelt fri, og sprang frå det som var av Staalforsvararar. Heimelagets venstreback såg ikkje anna råd enn å felle Ole Jakob innafor 16-meteren, og den gode dommaren frå Randaberg var ikkje i tvil om at dette var straffe. Det tok litt tid før Fogn sin faste straffeskyttar, Jakob Bø, fekk ta straffen, og enkelte av Staalspelarane prøvde då å psyka han ut slik at han skulle bomma. Heldigvis var Jakob kald og god, og plasserte straffen høgt og hardt i venstre hjørne, 0-1!

Etter dette fortsatte Fogn å føre kampen, og Staal fekk ikkje skapt noko som helst på bortelaget sin banehalvdel. Fogn kom rett nok ikkje til dei store sjansane, men dei trengte heller ingen stor sjanse for å doble leiinga. Midtstoppar Sigve Bø slo eit 5-metersutspark inn på Staal sin banehalvdel, der ballen fekk dabba ein gong før Håvard Østhus brukte venstrebeinet til å skyta ballen i ein høg bue frå omlag 30 meter, over keeper som sto langt ute frå streken og i mål, 0-2!

Dette resultatet såg ut til å halda seg heilt til pause, men like før dommaren bles av 1. omgang, fekk heimelaget frispark i farleg posisjon. Skotet gjekk på mål, og Trond Egil måtte gi retur då han redda. Ballen vart så slått i tverrliggaren, før ein Staalspelar fekk pirka den over streken til 1-2.

I andre omgang virka det som om heimelaget hadde gått tomme for krefter, og Fogn var nok nærare 3-1 enn heimelaget var eit utlikningsmål. Det største høgdepunktet i ein elles nokså sjansefattig omgang var at Ørjan Bø Måkestad fekk sin debut på A-laget, då han erstatta Sergejs Kononov på spissplassen det siste kvarteret. Ørjan jobba godt som førsteforsvarar, og fekk ved eit par høve vist fram farten sin, som Fogn nok skal få mykje glede av framover!

Då dommaren bles av kampen, kunne Fogn juble for tre poeng som gjer at dei no er sikra å hamna over naborival Finnøy på tabellen i år! Førre fredags kamp mot Randaberg vart nemleg avlyst då bortelaget ikkje klarte å stille lag, slik at Fogn vil få tre poeng og 3-0 siger bokført der. Laget er difor oppe på 20 poeng etter 10 kampar, og kan sikra seg minst andreplass i gruppa om dei slår Stavanger Titan på heimebane førstkomande søndag klokka 15.30 på Fogn stadion. Dette er årets siste heimekamp, og folk er herved oppfordra til å stille opp og heie på dei blåkledde!

Kampfakta

Mål: Jakob, Håvard

Assist: Ole Jakob, Sigve

Gult kort: Jakob

Fogns lag:

Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Ivar Opsal
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Håvard Østhus
Johannes Hovda
Jakob Bø
Ole Jakob Kjølvik
Sergejs Kononov
Trond Arne Borgemyr

Reservar:
Lars Olav Bøe
Kristoffer Runestad
Ørjan Bø Måkestad
Ørjan Klev Ladstein
Tobias Sunde