Årets første kamp på Fogn Stadion!

Etter fleire månadars venting er det endeleg den tida på året igjen, då Fogn sitt A-lag i fotball får på seg den blå drakta og kjemper for siger på heimebane! Årets første heimekamp er ein kvalifiseringsrunde til Rogalandscupen, og det er 5. divisjonslaget Tasta som står på motsett banehalvdel. Dette kan kanskje høyrast ut som "lett match" for bortelaget, som ligg to divisjonar over Fogn, men det er mange grunnar til at det ikkje nødvendigvis vert ein klar B på kupongen:

  • Fogn gjorde det svært godt på heimebane i fjor, og tapte aldri med meir enn eit mål på eige gras.
  • Dei to divisjonane som skiljer laga, gjer at Fogn får to straffspark før kampstart. Moglegheiten er altså til stades for ein "flying start".
  • Graset ser kanskje flott ut, men det er ein nokså humpete bane i april. Forskjellen er at Fogn har trent på matta 2-3 gonger alt...
  • Bruset frå heimepublikummet plar å gjere sjølv den mest frykta motstandar nokså overkommeleg for gutane i mørkeblått, og vi har ingen grunn til å tru at dette ikkje skjer også torsdag.

Kampen vert sparka i gong torsdag 23. april klokka 18.50, og skal du få med deg dei to straffesparka og all dramatikken må du ikkje kome eit sekund etter dette!

Det er som vanleg gratis å sjå på A-laget sine kampar, så her bør det bli mykje folk!

Og vinnaren er...

Under påskebasaren til Fogn IL i går, arrangerte Grendalaget ein aldri så liten konkurranse der vinnaren ville få ei korg med produkter frå Fogn. Alle som "lika" Fogn.org på Facebook og stemte på grillplassen i Skinnvigå var med i trekningen, som vart gjennomført like etter midnatt på påskeaften. Vinnaren vart Ellen Bryne, som held til i ei av hyttene ovafor Eidsvåg i påsken. Basargeneral Øyvind Sandanger og Grendalagsleiar Kristoffer Østhus tok turen ned til Ellen i dag, for å fortelje ho at ho hadde vunne og overrekke korga med tomater og egg frå Fogn. Sjå korleis det heile gjekk føre seg i videoen under!


Sol, stemning og salsrekord!

RL-basar 2.jpg

Med sol frå skyfri himmel, ein heil haug med folk og skikkeleg påskestemning utafor butikken, arrangerte Fogn IL sin årlege basar på påskeafta. Salet starta alt på onsdag, då loddselgarane gjekk frå dør til dør og selde for omlag 30 000 kroner, noko som gjorde at "basarnestorane" hadde godt håp om ny inntektsrekord. I fjor sette nemleg idrettslaget ny rekord på rett over 60 000 kroner, og då fekk dei ikkje inn så mykje pengar på onsdagssalet. 

På laurdag starta dei opp alt klokka ni med loddsal, i tillegg til gratis kake, lappar og kaffi. Det var sett opp mange bord på utsida av butikken, slik at folk kunne nyta dagen der i solskinet, noko fleire nytta høve til. Like før trekningen, som skulle vere klokka 14.00, var det litt program frå "scena" (ein traktortilhengjar". Idrettslagets leiar, Heidi Bø Sangedal informerte litt frå idrettslaget sine aktivitetar, Basargeneral Øyvind Sandanger snakka litt om Fogn.org, og born frå oppvekstsenteret deltok med både song og dans!

Sjølve trekninga vart gjennomført utan den største dramatikken, og dei mange gevinstane såg ut til å bli godt fordelt i folkemassen, som no var samla på parkeringsplassen. Og sluttresultatet til idrettslaget? Ny rekord også dette året: 72 000 kroner!

Sjå fleire bilete i serien under. 

Tekst: Håvard Østhus, Foto: Karl Fredrik Måland/Håvard Østhus

Det skjer på Fogn i påsken!

Under er ei oversikt over mykje av det som skjer på Fogn i påsken. I tillegg har idrettslaget diverse treningstilbod, sjå kalenderen her på Fogn.org. Dersom det kjem endringar i dei oppsette arrangementa vil også dette kunngjerast på nettsida.

 

Onsdag 16. april - Loddsal på dørene frå kl. 18.00

Fogn IL kjem rundt på dørene og sel lodd til basaren på påskeaften. Hugs å ta ut kontanter, då dei ikkje tek kort…

Arr: Idrettslaget

 

Torsdag 17. april - Nattverdmøte på bedehuset kl. 11.00

Skjærtorsdagsmøte ved Håvard Østhus. I tillegg til nattverd vert det andakt, song og vitnesbyrd.

Arr: Bedehusforeningen

 

Torsdag 17. april - Fellestur til Sulsøy kl. 14.00. NB! Denne turen er flytta til 1. påskedag klokka 14.00 pga dårlege vèrmeldingar...

Oppmøte og parkering ved Olav og Anne May Hovda. På turen, som passar for alle, vert det quiz, frukt og eggkoking. 

Arr: Helselaget, Speidaren og Idrettslaget

 

Fredag 18. april - Gudsteneste i kyrkja kl. 10.30

Langfredagsgudsteneste ved Anders Kvalevåg. Song ved June Hovda. 

Takkoffer til Opne dører.

 

Laurdag 19. april - Basar ved butikken kl. 09.00-15.00

Idrettslagets tradisjonsrike påskebasar. Dei sel lodd og gir ut gratis lappar frå klokka 09.00-14.00. Trekning av mange flotte gevinstar klokka 14.00.

Arr: Idrettslaget

 

Søndag 20. april - Høgtidsmøte på bedehuset kl. 11.00

1. Påskedagsmøte ved Marit og Leif Thingbø med vener frå Kenya. Song ved June Hovda. Kollekt til NLM sitt arbeid.

Arr: Fogn Misjonslag (NLM)

 

Søndag 20. april - Gudsteneste i kyrkja kl. 18.30

1. Påskedagsgudsteneste ved Terje Engstrøm. Song ved Fognakoret. Nattverd. Takkoffer til misjonsprosjektet.

 

Hjarteleg velkomen på alt til både fastbuande og besøkjande!

Rekordstor jentelagsbasar?

Jentelagsbasaren på "palmefredag" var sannsynlegvis rekordstor på fleire måtar. Det kom så mykje folk at ein måtte ha mange rader inn i "litlesalen" på bedehuset, og det vart solgt lodd for over 28 000 kroner! I møtedelen fekk dei frammøtte høyre andakt av Lars Skjæveland frå NLM Region sør-vest. Lars er også kjent som "ballongmannen", og han skuffa ikkje ungane denne gongen heller! Her var det både ballongtriks, ballongdyr og ballonggitar (!), i samband med andakta han hadde. I tillegg song barnekoret tøfFOGNnådig av full hals på ein flott måte!

Som vanleg var det livleg i spise- og trekningsdelen av basaren. Samstundes virka det kanskje som om ungane var litt roligare enn vanleg på grunn av stor spenning knytta til kveldens hovudgevinst, ein iPad mini! Om dette var grunnen til at det kom inn så mykje pengar til NLM sitt misjonsarbeid er vanskeleg å seie. Det som er sikkert er at både iPaden og alle dei andre gevinstane hadde fått bein å gå på når kvelden var omme, og siste linje av "Med Jesus vil eg fara" var sunge...

Under er nokre bilete frå den rekordstore basaren!