Reklame på Fogn.org

På årsmøtet i Fogn grendalag, vart det fremja ynskje om at bedrifter og næringslivet kunne få profilera seg på Fogn.org. Dette har styret i grendalaget teke tak i, og sender ut "pressemeldinga" under:

 

 



---------------------------------------------------------

Grendalaget har no opna for at det er mogleg for at bedrifter og næringslivet kan få profilera seg på Fogn.org. 

Dette er ei todelt sak. Næringslivet kan få presentera seg for lokalbefolkningen, samstundes som at grendalaget kan tena nokre kroner og fortsatt oppretthalda nettsida Fogn.org. 

Dei som ynskjer å vere med på dette, har fylgjande to alternativ:



1. Firmanamn på liste 
Bedrifta kan få firmanamn på ei liste i undermenyen "våre støttespelarar". Firmanamnet kan fungere som ein link, dersom firma har eiga nettside eller vil ha meir utfyllande info på ei underside på Fogn.org.

Dette kostar 1500 kr per år. 



2. Annonse på framsida + Firmanamn på liste
Bedrifta kan få eiga annonse (kan fungere som lenke) på framsida på Fogn.org. I tillegg vert bedriftene som går inn på denne avtalen nemnd først i lista over "våre støttespelarar". Annonse vil bli plassert i venstre sidestolpe på sida, i den rekkefølga bedrifter melder si interesse. Dersom det ikkje vert plass til fleire annonsar der, vert resten plassert i botnen. Storleiken på annonse er maks 180px x 180px. 

Dette kostar 4000 kr per år. Inkludert i prisen er produksjon av annonse, om dette er ynskjeleg.



Spørsmål og bestilling knytta til dette går til redaktør på Fogn.org, Håvard Østhus. Han kan nås på mail hosthus@gmail.com og telefon 93 44 59 13. 



---------------------------------------------------------

Unik video frå uvèret

Stillbilde frå videoen du kan sjå under.

Som vi skreiv om før helga, var det store naturkrefter i sving på torsdag og fredag. Vi la ut nokre bilete, og oppfordra folk til å bidra med sine blinkskudd, og serien har blitt oppdatert med fleire nye foto. I tillegg var det eit par karar som sendte inn video som er teken opp i Sæbøvåg då stormen sto på som verst. Desse videoane syner godt kva dimensjon uvèret hadde, og vil kunne vere gode å vise til i framtida, når folk ikkje trur på historiene om monsterbølgjer som slo over kai og molo i Sæbøvåg. Det må og nemnast både kai og molo i Sæbøvåg fekk store skader under påkjenninga. Alt av treverk på kaien rauk med, og den ytterste betongdelen av moloen har sige ned etter at store massar er skylt vekk frå fundamentet. Vi veit ikkje vegen vidare med desse skadene, men har fått opplyst at Båtforeningen undersøkjer moglegheita for å få delar av skadane dekka gjennom naturskadefondet.
Vi har, for ordens skuld, klippa videobidraga saman til ein film. I tillegg er lyden skrudd ned frå originalopptaka, då den intense og høge lyden av vind fort kunne kome til å øydeleggja eindel datahøgtalarar...
Tusen takk til Joar Sandanger og Gisle Torgersen, som både fekk dette på film, og delte filmane med alle som klikkar seg innom Fogn.org!

Mykje vèr på Fogn

Uvèr i Sæbøvåg. Foto: Gisle Torgersen

Ekstremvèret som har herja i Sør-Noreg i det siste har så absolutt gjort seg gjeldande på Fogn. Fleire tre har blåst over ende, sjøen har gått svært så kvit, og torsdag ettermiddag var fleire hus på Bø utan straum etter at eit tre hadde blåst over straumlinja. Dette gjorde og at vegen over Varland måtte stengjast i ein liten periode, men Lyse kom fort og ordna opp i dette. 

I serien under ser de ein del bilete av vèret dei siste dagane. No lavar snøen ned, så det siste biletet er nok ikkje knipsa enno. Send inn ditt bilete til hosthus@gmail.com eller via mobil til 93445913, og så hamnar det i serien under!

Siste rapport frå movemberaksjonen

Gjengen som var samla til bartefest, fredag 29. november.

Då var movemberaksjonen til Fogn.org over, og ein må kunne seie at det vart ein vellukka aksjon. Totalt har vi fått inn 5405 kroner til Kreftforeningen, og alle deltakarane har fullført med stil! Fredag 29. november var dei fleste mennene samla til ein bartefest for å markera avslutninga på aksjonen. Her var det mat, drikke, quiz, fotosession, sjakk, air-hockey turnering og god drøs! Det var også rom for ei aldri å lita evaluering, og det vart ikkje konkludert med at det vert ein liknande aksjon neste år...
Pengane til kreftforeningen vert overførte på fredag 6. desember, så dei som føler dei ikkje har bidrege nok, kan gi si gåve til aksjonskontoen 9722 54 70735.

Rapport får julemessa

Anders Sandanger, som er med og arrangerer messa, kunne melde om ein vellukka dag med jamn og god pågang av folk!

Laurdag 23. november vart, den etterkvart så tradisjonsrike, julemessa på Erås museum arrangert igjen. I løpet av dei fire timane messa varte kunne folk få kjøpt smykker, tauprodukter, porselensfigurar, treting, leiker, julekaker og mykje, mykje meir. I tillegg var det mange som nytta seg av tilbodet om å kjøpe seg middag på messa, noko som bidrog til mykje drøs og god stemning! 

Også i år arrangerte kulturgruppa i grendalaget utstilling under julemessa. Tidlegare har både gryteklutar og sokkar vorte utstilt, men i år var det bilete frå Fogn som sto i fokus. Elevane på skulen hadde laga og fotografert "landart" (landskapskunst), og resultata vart stilt ut under messa. I tillegg kunne dei som ville sende inn digitale bilete, og desse vart presentert på ein TV-skjerm gjennom heile dagen. Denne serien med bilete vil bli publisert på Fogn.org i løpet av den komande veka.