Det går mot dagsturhytte på Fogn!
/Før påske skreiv vi om at grendalaget hadde kome med forslag om å plassere ei dagsturhytte på Fogn, nærare bestemt i nærleiken av Fogn sin høgaste topp, Ørnakulå. Vi kan no melde om at dette prosjektet ser ut til å “gå vegen”, eller som Øyposten slår fast: “Ørnakulå på Fogn får dagsturhytte”!
Innstillinga til administrasjonen i Stavanger kommune er nemlig å gå for to dagsturhytter, slik at det blir plassert ei hytte både på Kuneset på Hundvåg, og Ørnakulå på Fogn. På denne måten vert det både ei hytte ved sjøen og ei hytte på ein topp med utsikt over store deler av kommunen!
Administrasjonen skriv i si innstilling i dei politiske sakspapira at Ørnakula geografisk ligg midt i øylandskapet i Stavanger kommune. Det er bra at ein kan nå toppen frå ulike startpunkt på øya, slik at ein ikkje er avhengig av bil for å kunna ta turen. Eit anna moment dei vel å trekka fram, er at Ørnakula, i tillegg til å vere lett tilgjengeleg, ligg langt unna busetnad og lysforureining. På kveldstid får ein difor krystallklar utsikt til ein flott stjernehimmel, som på biletet under, som er knipsa på Ørnakulå i januar i år:
På Fogn har det i det siste vore uvanleg høg aktivitet i turstinettet. Både fastbuande og besøkande er ute på tur, både for å få trim og gode naturopplevingar, men også for å sanka trimpoeng i konkurransen “Finnøy Topptur 2021”. Av alle dei registrerte turmåla i konkurransen er det dei tre toppane på Fogn, Peråsen, Domfjellet og Ørnakulå, som har fått registrert klart flest besøk!
No ser vi fram til at dagsturhytta til Fogn blir banka gjennom i diverse politiske utval, første spadestikk blir tatt, og hytta kjem på plass! Då har vi stor tru på at enno fleire får koma og sjå kva for ein flott natur Stavanger kommune har å by på, berre ein dagstur unna!