Opningsfest på søndag!

Søndag 3. april klokka 15.30 vert det opning av det nye nærmiljøanlegget ved Fogn oppvekstsenter. I desse dagar vert det lagt falldekke under leikeapparata, og på laurdag vil dei siste apparata verta monterte. På søndag klokka 15.30 kjem ordførar Henrik Halleland for å klippe snora, det vert musikk og servering av kaffi og kake, i tillegg til at ein sjølvsagt får prøve det nye nærmiljøanlegget vårt!

Legg søndagskaffien til det nye nærmiljøanlegget 3. april!

Påskeglimt frå Fogn

Sjølv om det ikkje akkurat har vore strålande vèr, så har det vore ein strålande påske på Fogn! Under kjem litt tekst og bilete frå noko av det som har skjedd!

Skjærtorsdag
Etter at over 50 personar kom på nattverdmøtet på bedehuset, møtte også over 50 personar fram på "eggkokingsturen" til Domfjelldalen seinare same dag. Sjølv om regnet tidvis hølja ned koste dei frammøtte seg med grilling, eggkoking, quiz og frukt! Sjå nokre glimt frå turen i serien under:

 

Langfredag
Tradisjon tru var det pasjonsgudsteneste i kyrkja på Langfredag. Også i år var det mange som deltok på denne samlinga. Seinare same dag var det historisk fotballtrening for Fogn IL. Historisk fordi så mange som 34 personar møtte opp! Løysinga vart tre lag inne i gymsalen og tre lag ute i fotballbingen. Eit glimt frå både inne- og utedelen av treninga ser de under!

 

Påskeafta
Fogn IL sin påskebasar veks framleis i omsetning. I år kom det inn over 77 000 kroner, ny rekord trass nokså kraftig vind under både loddsal og trekning på laurdag. Og det var ikkje berre idrettslaget som sette ny omsetningsrekord på påskeafta, også butikksjef Ivar Opsal kunne melde om rekordomsetning. 119 000 kroner omsette butikken for, omlag 10 000 kroner meir enn den førre rekorden, som vart sett så seint som onsdag i påskeveka... På laurdag var det også sal av pølser, brus og kaffi frå "buå" ved drivstoffsalet. Dette var med og bidrog til den gode stemningen som var utafor butikken, som de kan sjå under!

 

1. Påskedag
På høgtidsmøtet om formiddagen på bedehuset kom det så mykje folk at ein måtte opne opp bak til "litlesalen". Og det var ikkje berre på bedehuset ein måtte opne opp foldedørene for at alle skulle få ein sitjeplass! Til gudstenesta i kyrkja om kvelden måtte ein gjere det same på grunn av stor pågang. Nokre bilete frå gudstenesta ser de under:

Det skjer på Fogn i påska!

Vi er godt inne i påskeferien, og det er alt fleire arrangement og aktivitetar som har gått av stabelen på Fogn! Dei neste dagane skjer dette:

Skjærtorsdag kl. 11.00
Nattverdmøte på bedehuset. Song, andakt, vitnesbyrd og nattverd. Arr: Fogn bedehusforening.

Skjærtorsdag kl. 14.00
Eggkoking i Domfjelldalen. Parkering ved Erås Museum, eller gå frå der du vil, så møtes me ved bekken. Ta med eigen mat. Det blir quiz og frukt. Arr: Fogn Helselag, Speidaren og Fogn IL.

Langfredag kl. 10.30
Pasjonsgudsteneste v/ Anders Kvalevåg. Song ved June Joanna Hovda.

Påskeafta kl. 09.00-15.00
Påskebasar ved butikken. Loddsal skjer ved butikken frå klokka 09.00. Det vert servering av lappar, kake, saft og kaffi. Trekningen startar kl. 14.00. Arr: Fogn IL

1. Påskedag kl. 11.00
Høgtidsmøte på bedehuset. Håkon Helgøy talar. Kollekt til NLM. Arr: Fogn misjonslag (NLM)

1. Påskedag kl. 18.30
Familiegudsteneste v/ Terje Engstrøm. Song ved TøfFOGNådig og Fognakoret. Dåp. Nattverd. Takkoffer til Åpne Dører.

Dugnad på nærmiljøanlegget på laurdag

Som dei fleste nok har fått med seg, så er eit nytt nærmiljøanlegg i ferd med å reisa seg ved Fogn oppvekstsenter. Det er Fogn IL som finansierer anlegget gjennom eigenfinansiering og midlar dei har søkt om, og mykje av arbeidet med oppsett av dei ulike apparata vert gjort på dugnad. Det siste som skal skje, før anlegget er ferdig, er at eit firma kjem og støyper falldekket som skal vere under apparata. Det er difor særs viktig at apparata ikkje vert brukt før dette dekket kjem på plass. 

Laurdag 19. mars frå klokka 10.00-14.00 vert det arrangert dugnad på anlegget. Det er ulike oppgåver som skal gjerast denne dagen:

- Oppmåling og plassering av seks "Rampballs" (leikeapparat)
- Kosting av asfalt rundt området, og spyling av apparater/asfaltkant.
- Finskjæring av asfaltkant
- Planering med grus/singel, slik at det er klart for støyp av falldekke like over påske.
- Oppsett av sponplater i ballhuset og flytting av utstyr bort til ballhuset.
- Evt. raking og luking av overgangen mellom grus og fotballbane

Det er flott om folk tar med seg eit eller fleire av desse reiskapene: jernrive, krafse, spade.

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på dugnad, anten dei kan vere med i ein, eller fleire timar. Det vert servert kaffi og sjokolade.