Juleverkstad på oppvekstsenteret

Årets juleverkstad på oppvekstsenteret vart gjennomført tidleg i desember, nærare bestemt tysdag 2. og onsdag 3. desember. Elevane var delt inn i fire grupper der dei bakte kaker og laga nissar av greiner, juletre av papir og lys av stearin! I tillegg åt både barnehageborn og skuleelevar felles julegraut på onsdagen. To kjekke dagar!

Sjå fleire bilete på nettsida til Fogn oppvekstsenter ved å klikka HER.

Er du klar over denne?

Styret i grendalaget har fått spørsmål om det finnest ein stad der dei som bur på Fogn kan kasta papp og papir til gjenvinning. Styremedlem Arnstein Bøe har kontakta driftssjef i RYMI, Tormod Rugland, som kan fortelja at det står ein grøn kontainer ved lagerbygget til Fogn Landhandel, og denne er berekna på papp og papir frå innbyggjarane. 

Det kan virka som om mange har trudd at denne kontaineren har tilhørt butikken, eller at det er dei som er på hytter som kan nytta den. Det er altså slik at denne kan nyttast av alle oss som bur på Fogn, så no veit du kvar du kan gjere av papp og papir i framtida!

NO kan du fylla drivstoff på Fogn!

Som vi skreiv om tidlegare i haust, har Kristoffer Østhus, Ivar Opsal, Øyvind Sandanger og Pål Rune Grønås gått saman og laga aksjeselskapet Fogn handel AS. Dei ville starte opp med sal av drivstoff på Fogn, og no er alt oppe og går! Ny pumpe med kortautomat har stått klar på butikken i lengre tid, men det har vore ei utfordring knytta til VISA-kort på automaten. Kristoffer Østhus melder i dag om at dette no er ordna, så no kan alle med VISA-kort koma og fylla drivstoff frå Fogn handel si pumpe ved butikken. Østhus melder om at det nok framleis går eit par dagar før kortautomaten fungerer for dei som nyttar MasterCard.

Ståle Runestad fekk fyllt bensin på kanna alt i helga, men då var det berre dei med firmakort som kunne få kjøpt drivstoff. No fungerer det for alle med VISA-kort.

Ståle Runestad fekk fyllt bensin på kanna alt i helga, men då var det berre dei med firmakort som kunne få kjøpt drivstoff. No fungerer det for alle med VISA-kort.

Sjeldan konsertoppleving i kyrkja!

Adventstida på Fogn fekk eit skikkeleg "kick off" då Hans Inge Fagervik med musikarar hadde førjulskonsert i kyrkja måndag 1. desember. Over 100 frammøtte, fin lyd- og lyssetting og ein mørk og klår kveld var med og lage ei flott ramme rundt det som vart ein minnerik kveld! 

Hans Inge Fagervik hadde med seg dei dyktige musikarane Trygve Hellesen og Rasmus Solem som spelte på 7-8 ulike instrumenter i løpet av kvelden. Men her var også lokal hjelp å få. Barnekoret TøfFOGNådig song flott med på tre songar, og Kjersti Sandanger framførte ein vakker song, akkompagnert av dei tre musikalske mennene. 

Stemningen var god konserten gjennom, som varte i omlag halvannan time. Det gjekk frå latter etter lun humor til tørking av tårer etter gripande historier frå Fagervik sine opplevingar knytta til ulike personar i rusmiljøet. Men mest av alt var dette ein førjulskonsert, med ulike julesongar av Fagervik sjølv. Det heile vart avrunda med fellessongen "Deilig er jorden", og då, ja då trur eg eit nokså kraftig snev av julestemning var å finne i mange av tilhøyrarane, som kunne gå fornøgde ned til kyrkjekaffi før folk gjekk kvar til sitt!

Under er eindel bilete og ein liten videosnutt frå den flotte kvelden!

Det skjer i helga på Fogn!

Bilete frå guttelagsbasaren i november 2012.

Bilete frå guttelagsbasaren i november 2012.

Det skjer stort sett alltid noko på Fogn. Sjølv om dette kanskje er ei sanning med modifikasjonar, så er det i alle fall tilfelle no i helga, for høyr berre her:

Fredag kl. 18.00 - Guttelagsbasar på bedehuset
Guttelaget sin tradisjonsrike basar på bedehuset med andakt av Aud Norunn Myklebust, gratisk kaffi, saft og bollar, og utlodning med mange kjekke gevinstar. 

Laurdag kl. 17.30 - Julegrantenning i kyrkja
Det er "første laurdag i advent" og julegrana i kyrkja må tennast! Dette er ein del av programmet under "Lys vaken", ei overnattingssamling i kyrkja for 6. klassingane i Finnøy kommune. 

Laurdag kl. 17.45 - Reflekstur med start ved kyrkja
Idrettslaget arrangerer refleksturen for andre år på rad, og denne gongen er starten ved kyrkja. Her gjeld det å lysa på refleksane i mørket, og på denne måten finna vegen gjennom løypa. Hugs lommelykt og gode sko.

Laurdag kl. 21.00 - Restaurantkveld på skulen
Ungdomslaget har samlingar på skulen annankvar laurdag, og denne gongen skal dei ha restaurantkveld med hamburger, pommes frites, lasagne og is på menyen! Her vert det levande lys og god stemning for alle ungdomar frå 8. klasse og oppover! I løpet av kvelden får dei frammøtte også høyre andakt av Håvard Østhus.

Søndag kl. 10.30 - "Lys Vaken"-gudsteneste i kyrkja
Gudsteneste ved Anders Kvalevåg. 6. klassingar som er med på "Lys Vaken" deltek. Takkoffer til trusopplæringsarbeidet. Kyrkjekaffi.

Og dette var faktisk berre nokre av dei arrangementa som går av stabelen denne helga! Sjå kalenderen på Fogn.org for full oversikt, god helg!

Få med deg Hans Inge Fagervik på Fogn!

Etter 40 års artistkarriere kjem Hans Inge Fagervik til Fogn for å ha konsert måndag 1. desember! Konserten går av stabelen i Fogn kyrkje klokka 18.45, slik at det passar med båtruter til og fra andre øyar. Dette må nemleg flest mogleg få med seg, seier primus motor Heidi Bø Sangedal. 

Fagervik er opprinneleg frå Herøy i Nordland, men er nå busett på Færvik på Tromøy i Arendal. Hans mest kjente songar er nok "Farvel, Marita" og "Thomas´ sang", og han har gitt ut ikkje mindre enn 19 cd-ar til saman! 

Fagervik er engasjert i Maritastiftelsen, og inntekter frå cd- og billettsal under konserten på Fogn går til stiftelsen, som har rusomsorg i fokus.

Med seg til Fogn tek han med seg Trygve Hellesen på fløyter, saxofon og gitar, og Rasmus Solem på piano. Begge er blant dei dyktigaste i landet, skal vi tru Fagerviks eige utsagn. Og ikkje nok med det, vårt eige barnekor TøfFOGNådig vert med på fleire av songane! Dei har brukt nokre av Hans Inge Fagervik sine songar i haust, og gler seg no til å opptre med ein så kjent artist!

Billettprisen er 200 kroner per vaksen over 18 år, 100 kroner for dei frå 6-18 år, og så er det sett ein makspris på 500 kr per familie. Alle inntekter frå konserten går som sagt til Maritastiftelsen.

Heidi Bø Sangedal håper at alle veit å nytte seg av denne flotte anledningen til å både få seg ei fin konsertoppleving på Fogn, og samstundes vere med og støtte ei god sak!